Side Brok // Byscenen

BYSCENEN

Hip-hopgruppa frå Hovdebygda slo for alvor gjennom i 2004 med hits som «1, 2, 3, fyre» og «Rist med raua» frå den Spellemann-nominerte debutplata «Høge brelle». Same året vann dei NRK Petres Urørt-konkurranse og VGs pris for beste liveband på By:larm. Sidan har dei gitt fleire album, singlar og mixtapes.Det er 12 år sidan førre album, og no har Side Brok gjort det einaste rette og laga eit heilt album i lag med gruppas gode ven – og din favorittbonde, Sirkel Sag.

Side Brok & Sirkel Sag: «All verda» er ute i september 2025. På scena er Side Brok som dei alltid har vore: Eit stort, tight og leikande band som blandar reggae, jazz, funk og disco i miksen. Ein Side Brok-konsert er alltid ein fest og ei hylling av livet, musikken og kjærleiken.

Les mer: www.byscenen.no/event/side-brok

Se mer fra BYSCENEN